Innvik, og litt om historie...

Velkomen
Kven er vi?
"Perstova"
"Nystova"
Innvik, og litt om historie....
Litt om naturen...
Litt om Innvik-folk..
Litt om det vi tilbyr, og kva gjer vi..
Litt om kommunikasjonar....
Nordfjord-info
Kontakt
 
Fjordbygda Innvik (namnet kjem av den inste av dei to store vikane på sørsida av fjorden, gammal nominativform Innvikr). Innvik har sikkert hatt busetnad sidan yngre steinalder (5000-2000 f. Kr.) Det er gjort interessante gravfunn frå vikingtida. Desse kom for dagen i 1900 og 1901. Bygda ligg slik til at klimaet her er lunare enn i andre av bygdene i Indre Nordfjord, skjerma mot vindane som kjenneteiknar fjelldalar lenger inne i fjorden. Bygda har eit godt klima, med høg middeltemperatur og relativt lite nedbør gjennom året.
Innvik er hovudsoknet i Innvik prestegjeld, og har hatt prestegard sidan mellomalderen. På same staden som den noverande, åttekanta tømmerkyrkja no står, stod det ei stavkyrkje som skulle vere den lengste i landet.
Innvik var eigen kommune fram til 1965, frå den tid del av Stryn kommune.