Innvik har litt mindre "dramatisk"
natur samanlikna med andre bygder i fjordane på Vestlandet. Det
slakke landskapet, men samtidig med høge fjelltoppar (Storlogpiken
1554 moh., Skarsteinfjellet 1567 moh., Ceciliekruna 1717 moh) innbyr
til fine fjellturar, også med gode, merka løyper. Storlogpiken
har fått namnet etter eit fjellvatn i 1000 meters høgde
(Loga), og log betyr vatn på gammalnorsk. Same opphav har lake
på engelsk og lago på italiensk.
Den vakre Innvikdalen (600 moh.) er ein typisk U-dal med mange setrar
og fritidshytter. Fint turterreng, bilveg heilt fram. Også turområde
i "låglandet", omfattande veg- og stinett, også
i skog og mark.
Parti av breen kan også nåast på ein lettvint måte
(til fots).
Fjorden innbyr til sommaraktivetar; du kan bade i fjorden frå
svaberg eller små sandstrender, temperaturen kan vere fin om sommaren.
Eller du kan ta deg ein båttur på fjorden, eller kanskje
prøve fiskelykka?