Nordfjord er den nest lengste fjorden i Sogn og Fjordane,
som med sine 110 km strekkjer seg frå kystbyen Måløy,
Bremangerlandet og Stadlandet, innover til Innvikfjorden og fjordbygdene
Olden, Loen og Stryn inne i landet. Sidearmane Eidsfjorden og Gloppenfjorden
ender i bygdebyane Nordfjordeid og Sandane.
Nordfjord tilbyr eit ferieområde som innehar store kontrastar
i natur og landskap. Frå det opne, storslåtte landskapet
på Stadlandet som stikk ut i havet som ei stor landtunge, med
Vestkapp som det ultimate vestnorge, strekkjer fjorden seg til det
spennande fjordlandskapet i det indre, med fjelltoppar og fjelldalar
i alle retningar. Midt mellom ligg Hornindalsvatnet, som er nordeuropas
djupaste innsjø. Med bil er det kort køyretid frå
innerst til ytterst i fjorden; på ein og ein halv til to timar
er ein ferjefri tur frå det indre til ytterst mot storhavet
unnagjort.
Kysten, med dei små og større samfunna i vest, er eit
eldorado for fiske og friluftsliv. Også havfiske blir arrangert
i området.I Selje ligg øya Selja, med klosterruiner frå
det 10. århundre.
Olden, Loen og Stryn har store vassdrag som har sitt utspring i Jostedalsbreen,
den svære breen som har forma landskapet gjennom "tungene"
som endar i Briksdal, (Briksdalsbreen, Melkevollsbreen, Brenndalsbreen),
og Loen (Bødalsbreen, Kjenndalsbreen). Frå øverst
i Oldedalen, til Briksdalsbreen, er det organisert turar
med den vesle, rolege "Fjordhesten" (lokal stamme) og 2-hjulige
hestekjerrer (stolkjerrer) langs den smale slyngvegen til Briksdalsbreen
gjennom eit landskap med fossar og mektig natur.
På Loenvatnet er det passasjerbåt som tilbyr utflukter
til enden av vatnet (Kjenndalsbreen) dagleg. Naturen her er det fremste
Norge kan tilby, og må opplevast!
Innvik, Utvik er roleg fjordbygder som ikkje i altfor sterk grad er
prega av sterk turisme, men har gode naturkvalitetar.
Omlag 50 km frå Stryn, ved den gamle Strynefjellsvegen, mellom
Videseter Høyfjellshotell og Grotli Høyfjellshotell,
finn ein Stryn Sommerskisenter
som tilbyr stolheisar og skitrekk heile sommaren opp på breplatået,
med fantastiske forhold for både snowboard, utfor og andre skiaktivitetar.
Mellom Stryn og Videseter ligg Jostedalsbreen
Nasjonalparksenter som har et mindre arboretum, ei rikhaldig samling
av alle slags plantar frå området under breen.
Frå ruta Stryn-Grotli kan ein ta turen over fjellet til fjordbygda
Geiranger, med utsiktspunktet
Dalsnibba og det fantastiske
veganlegget Geirangervegen (serpentinerveg).Tilbake
til Nordfjord kan veljast ferjereisa på Geirangerfjorden til
Hellesylt.
I heile området Nordfjord blir det arrangert fjellturar (mange
merka stiar), brevandring,
båtturar, kanopadling, surfing, golf, mountainbiking, hesteriding,
fiske i hav, fjord og fjell.
Retning sydover frå Nordfjord reiser du gjennom variert landskap
til fjordbygda Fjærland med Norsk
Bremuseum og Den Norske Bokbyen
(antikvariat).
Velkommen til Nordfjord!